Det seier Sigrun Eide og Jenni Anette Hånsnar ved turistinformasjonen i Skjåk.

Da kommunestyret i Skjåk vedtok at turistinformasjonen skulle plasserast i biblioteket i Skjåk, på kommunehuset, var det ikkje alle som hadde trua. Korleis skulle turistane finne fram?

– Det har gått svært fint. Vi har hatt langt meir besøk enn det vi hadde våga håpe på. Det er nok fleire turistar i Skjåk enn det dei fleste er klar over. At dei finn fram til oss her på turistinformasjonen er det heller ingen tvil om, for her har det vore stor trafikk, fortel Sigrun og Jenni Anette.

Dei fleste som er innom turistinformasjonen i Skjåk er ute etter tips om turar i skog og fjell. Kvar skal dei gå, korleis blir vêret, er det langt, er det bratt, kor lang tid tek det, kan dei fiske, kan dei ditt og datt.

– Turistane som kjem hit er jælma interesserte i fjell- og friluftsliv. Vi håpar vi får dei til å vera ein eller fleire dagar ekstra fordi dei får mange gode turtips frå oss. Somme blir rett og slett imponert når det går opp for dei kor mange fantastiske turmoglegheiter det er her i Skjåk, seier Jenni Anette og ramsar opp at dei så langt har hatt besøk av nordmenn, svenskar, tyskarar, nederlendarar, spanjolar og franskmenn.