Brøytesjåførar som brøyter fylkesveg 51 over Valdresflye har i det siste møtt på fleire fotgjengarar og jamvel nokre syklistar, når vegen har vore stengd på grunn av uvêr.

Dårleg sikt

- Sjølv om vegen er stengd for biltrafikk, kan det vere brøytebilar og hjullastarar med fres i arbeid der. Driftsentreprenøren brøytar så lenge det er mogleg, for å gjere vegen i stand til å opnast att raskt. Det kan vere dårleg sikt mens vegen blir brøyta, og vanskeleg for sjåføren å sjå folk i vegbanen, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.

Fylkesveg 51 over Valdresflye er stengd om kvelden og natta på denne tida av året og kan bli det på dagtid, på grunn av uver eller rasfare.

- Det er viktig at folk ikkje passerer bommane, når vegen er stengd, uansett kva grunnen til stenginga er. Når vegen er stengd, er det farleg å ferdast der. Dette gjeld alle trafikantar, seier Ødegård.

Skredfare og brøyting

Etter at fylkesvegen over Valdresflye vart opna til påske, har han vore stengd på grunn av sterk vind og snøfokk fleire gonger. Det er ikkje uvanleg på denne tida av året.

Også strekningen mellom Garli og Bygdin har vore stengd på grunn av dårleg vêr. Denne strekninga er særleg utsett for at fotgjengarar går i vegbanen, sjølv om vegen er stengd.

- Dei tenkjer kanskje ikkje på at det kan kome ein brøytebil i stor fart rundt ein sving. Brøytebilsjåføren reknar med at det ikkje er trafikantar på vegen, så lenge han er stengd. Når vegen er stengd på grunn av skredfare, seier det seg sjølv at det er farleg å ferdast der for alle trafikantar, seier Ødegård.

Ødegård rår alle som planlegg å ferdast på fjellovergangane til å sjekke trafikkmeldingane frå Statens vegvesen. Dei kan ein finne på www.175.no, på X: @VTSost, eller ved å ringje til 175.