– Høg fart med unge sjåførar bak rattet er årsak til mange alvorlege ulykker. Det same med forbikøyringar og bruk av rusmidlar. Likevel kan sjølv små irritasjonar i trafikken skape farlege situasjonar, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Gjensidige har i ei undersøking utført av Ipsos teke pulsen og spurt fleire tusen bilistar om kva som irriterar dei mest i trafikken. I Oppland har rundt 170 personar svart på spørsmålet.

– Ikkje overraskande er det manglande bruk av blinkljos, der 64 prosent seier at dette irriterar noko grenselaust, fortel Voll. Elles er det mykje frustrasjon over dei som ikkje klarar å overhalde vikeplikta, sniking i kø eller at dei pressar seg frem når to felt blir eitt.

I tillegg viser ei tilsvarande undersøking at heile 7 av 10 bilistar i Oppland irriterar seg over andre som ligg under fartsgrensa.

– Undersøkinga viser at det kun er småting som gjer at det kokar over og kan resultere i dumme avgjersler, åtvarar Voll. Pust med magen og ikkje la deg irritere over at andre tek seg friheiter i trafikken, avsluttar Voll.

(Pressemelding)