Da kan du betale einkvan inntil 6.000 kroner skattefritt for å hjelpe deg.

Løn er som regel skattepliktig, men det finst unntak for småjobbar.

Viss du vil betale einkvan for å gjera mindre jobbar for deg, kan du betale opptil 6.000 kroner skattefritt til ein person. Beløpsgrensa gjeld utbetalingar frå husstanden din (fellesskapet) til ein enkelt person. Du eller de kan betale 6.000 kroner til fleire personar utan at det blir skattepliktig. Beløpet gjeld utbetalingar per kalenderår.

— Det skal vera enkelt å gjera rett når du betalar einkvan for å gjera småjobbar i hus og hage, og derfor har vi denne 6.000 kroners-grensa, seier Elisabeth Fischer, avdelingsdirektør i Skatteetaten.

Det einaste du må passe på er at den som gjer jobben ikkje utfører arbeidet som ein del av si næringsverksemd.

Føresetnaden er altså at den som utfører arbeidet gjer det som privatperson, at jobben berre er tilknytta heimen eller fritidsboligen og at ein leiger inn hjelpa som privatperson. For anna arbeid er grensa for skattefri utbetaling 1.000 kroner per år.

Utbetalingar som er skattefrie treng ikkje oppgjevast til Skatteetaten.

Betaler du ut meir enn 6.000 kroner i løn til ein person, skal du oppgjeva heile utbetalinga til Skatteetaten.

(Pressemelding)