Skjåk kommune arrangerte eit ope folkemøte før jul, men spørsmåla er framleis mange når det kjem til reguleringsplanen for massedeponiet under Øyberget.

Formannskapet i Skjåk vedtok i september i fjor at planforslaget for Øyberget næringsområde skulle leggjast fram til offentleg ettersyn og høyring. Reguleringsplanforslaget legg til rette for å etablere lettare industri, verkstad og lagerverksemd på næringsareala i samsvar med kommuneplanen. Kommunedirektøren opprettheld forslaget om å tillate etablering av datasenter/datalagringssentral i området, på vilkår av at ei eventuell slik verksemd blir etablert med løysingar som gjev lite støybelastning.

Tysdag neste veke skal formannskapet i Skjåk behandle reguleringsplanen.

Skjåk Sp har teke initiativ til eit ope møte sundag kveld, om saka som har engasjert så mange.

– Målet med dette møtet blir å få meir kunnskap om kva eit datasenter er, ulemper og nytteverdi. Førsteamanuensis Gaute Bjørklund Wangen frå NTNU vil bistå oss for å svare på spørsmål om datasenter som den gjennomsnittlege av oss ikkje veit nok om, opplyser Skjåk Sp i møteinvitasjonen.

Det blir også lagt opp til ein sakleg diskusjon for ulike meiningar og synspunkt.

Møtet er ope for alle , og vil gå føre seg i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule. Møtet startar klokka 19 sundag kveld.

Fjuken vil vera til stades, og sender heile møtet direkte på Fjuken-TV, slik at dei som ikkje har høve til å delta fysisk på møtet - og andre interesserte - kan følgje med via mobiltelefon, nettbrett eller PC.

Etter at møtet er over, vil sendinga bli liggjande som opptak.