Onsdag ettermiddag og kveld denne veka blir det to timar drop in for å ta celleprøve på legekontoret i Lom.

Det er i samband med kreftforeningen si kampanje #sjekk deg at legetenesta i Lom også i år opnar opp for at kvinner kan ta turen innom legekontoret for å ta celleprøve og sjekke seg for livmorhalskreft.

Tilbodet er for kvinner i alderen 25–69 år med fastlege i Lom.

Ein treng ikkje å bestille seg time på førehand, men meldar seg i luka når ein kjem. Legetenesta i Lom opplyser at det blir enkel servering på venterommet.

– Dersom du har symptom eller plager frå underlivet, eller har hatt unormale celleforandringar dei siste tre åra, ynskjer vi at du bestiller ein ordinær legetime, heiter det i kunngjeringa frå legekontoret.