Det er 8. klassingane som er brudefylgje, og fire av dei er meir sentrale enn andre, nemleg «brudeparet» og «forlovarane». I år var det Nikodem Mokrzecki og Ane Mari Laingen som gifta seg, med forlovarane er Sander Bådshaug og Sandra Dagsgard.

Fylgjet går i prosesjon til bygdatunet Presthaugen der elevane og besteforeldre blir inviterte inn i Glømsdalstugu på graut. Bygdekvinnelaget er som vanleg klare med grauten.

Etter grauten er det dans på plattingen i Presthaugen.

I prosesjon frå skulen til Presthaugen. Foto: Lom ungdomsskule
Heile klassa deltek på bryllupsfesten. Foto: Lom ungdomsskule
Det vart sjølvsagt dans med levande musikk. Foto: Lom ungdomsskule
Det vart sjølvsagt dans med levande musikk. Foto: Lom ungdomsskule
Nikodem Makrzecki og Ane Mari Laingen «gifta seg», her med forlovarane Sander Bådshaug og Sandra Dagsgard. Foto: Lom ungdomsskule