NAF (Norges Automobilforbund) tilrår bilistar til å redusere farten, følgje med på skilta og å skru ned lysintensiteten på dei mange skjermane som moderne bilar er utstyrte med.

Følg med - reduser farten

– Beveg blikket og følg med på sideterrenget til vegen. Senkar du farten med berre med 10 kilometer i timen halverer du faren for ei ulykke. Det er også viktig at du følgjer med på skilta langs vegen, seier Svendsen.

– Fareskilt som varslar om vilt er sett opp av ein grunn.

Dette gjer du om uhellet er ute

Om du skulle vere så uheldig å køyre på eit dyr er det viktig å markere staden og varsle politiet på 02800.

– Ikkje følg etter eit påkøyrt dyr. Dyret er mest sannsynleg skadd og kan gå til angrep. I tillegg gjer det jobben vanskeleg for hundar som seinare skal finne sporet etter dyret, om du har vore der før dei kjem. Det beste du kan gjere er å merka staden der dyret gjekk inn i skogen og ringe etter hjelp, seier Svendsen.

- Stopp på ein trygg stad

NAF ber også bilistane om å vere varsame med kvar dei stoppar etter ei påkøyrsle.

– Stopp slik at du ikkje er til hinder for annan trafikk, og ta på deg refleksvest. Om bilen ikkje er farbar er det viktig at du markerer ulykkesstaden ved å setje ut ein varseltrekant, og at du kjem deg bort frå bilen, understrekar NAF-rådgjevaren.

Størst bekymring i distrikta

Hele 72 prosent av folk i distrikta er bekymra for å møte vilt på vegen, viser tal frå NAFs Trafikantbarometer 2023.

Meir enn 9.000 hjortevilt vart påkøyrde førre vintersesong. Desidert flest påkøyrsler var det av rådyr med 7.273 dyr, følgt av elg med 1.162 dyr.