Det opplyser Bane NOR onsdag føremiddag.

Alle togavgangar på heile Austlandet er inntil vidare innstilt. Stenginga av togtrafikken skuldast dei utfordrande vêrforholda i form av snø og vind.

I fylgje Bane NOR vil innstillingane kunne råke 19 ulike togavgangar, mellom anna på Dovrebanen og Gardermobanen.

Det er uvisst når togtrafikken på Austlandet vil opne att.