Nordberg skule blir selt til brørne Afrim og Liridon Krasniqi. Dei har planar om å etablere ein internasjonal skule med elevar frå USA, Russland og Kina. Elevane skal lære om Norge, om fjell, vidde, friluftsliv, jakt og fiske – og målet er å opne skulen hausten 2019.

– Afrim Krasniqi var i Skjåk og presenterte planane like før jul. Det var tydeleg at det var arbeidd godt og grundig med prosjektet. Eg håpar planene fell i god jord hjå skjåkværane. Sjølv tykkjer eg dette er midt i blinken for Skjåk. Skulen, ein slags folkehøgskule basert på friluftsaktivitetar, vil eg påstå får eit utgangspunkt midt i smørauget ved å etablere seg nettopp i Skjåk. Rundt oss har vi Besseggen, Galdhøpiggen, Geiranger og mange andre spennande destinasjonar i alle retningar. Skjåk ligg midt imellom. Eg ser ikkje bort frå at prosjektet kan skape positive ringverknader for fleire, seier Sperstad.

Han slår fast at omregulering ikkje vil bli noko problem.

– Det blir spennande å følgje arbeidet vidare. Frå kommunen si side kan eg iallfall love at vi skal vera ein medspelar og leggje til rette så godt vi kan, seier han.