Det var under ein kjedekongress i Stavanger i helga at Bygger'n Lom vart tildelt prisen «Best på service».

Prisen er basert på ei marknadsundersøking der alle butikkane i kjeda har vorte målt opp mot kvarandre i fagkunnskap og service.

Totalt har Bygger'n om lag 100 butikkar over heile landet.

Dagleg leiar på Bygger'n Lom, Nils Henry Fosstuen, fortel at prisen blir markert i butikken tysdag. Da byr han på marsipankake og kaffe til kundane.

Les meir om Bygger'n Lom i papiravisa torsdag.