Torsdag klokka 10.00 opna Statens vegvesen fylkesveg 63 frå Geiranger opp til Djupvasshytta. Vegen blir stengt att for natta klokka 22.00.

Vegen på strekninga frå Djupvasshytta og til Breidalen blir framleis stengt grunna skredfare som vil auke ytterlegare utover torsdagen, melder vegvesenet.

Det siste døgnet har det gått to nye skred på denne strekninga.

Statens vegvesen melder at det blir ny vurdering om opning av vegen fredag klokka 10.00.