Under verdscuprennet Freeride World Tour i Fieberbrunn i Østerrike i dag, onsdag,, køyrde vagværen Dennis Risvoll inn til siger. Risvoll er medlem i frikøyringsklubben «Trollhøe Høkkers» i Vågå, og køyrde eit svært godt verdscuprenn.

Risvoll fekk 92 poeng av dommarane for dagens køyring, og gjekk inn med ei soleklar leiing som heldt konkurransen ut.

Med den gode prestasjonen i Østerrike og sigeren i verdscupen har Risvoll sikra seg deltaking i neste års Freeride World Tour.

Dennis Risvoll hamna øvst på lista med 92 poeng. Foto: Skjermdump