Rådmannen ber politikarane i Skjåk om å ikkje vidareføre arbeidet for flyplass, og at kommunestyret skal støtte ei avvikling av selskapet Gudbrandsdal Lufthavn AS.

– Regionen må ta inn over seg at staten og fylkeskommunen ikkje har signalisert vilje til å prioritere ein flyplass i regionen, snarare tvert om. Den statlege politikken går meir i retning av færre flyplassar, ikkje fleire. Det kan med andre ord sjå ut til at ei realisering av flyplass på Tolstadåsen er meir fjern i dag enn på det tidspunktet da selskapet vart etablert, skriv rådmannnen i si saksutgreiing.

Rådmannen meiner regionen heller må intensivere arbeidet for auka investeringar og vedlikehald på veg og jernbane til og frå regionen.

Formannskapet i Skjåk får saka på bordet fyrstkomande onsdag. To dagar etter, fredag 19. juni, skal det haldast generalforsamling i Gudbrandsdal Lufthavn AS.