Onsdag morgon fann Stein Åldstedt i ein papirlapp i kontordøra da han kom på arbeid i Vågå Arrangement Service.

Nå åtvarar han andre til å sjekke rundt dørene sine. Både på industriområdet og privathus.

Den vesle papirlappen kan bety at ein bande er på ferde.

Tjuvar set ein liten samanbretta papirlapp mellom døra og dørlist for seinare å koma attande og sjekk om lappen er borte.

Er lappen borte, har døra vore opna og det betyr at dei som bur i huset kan vere i nærleiken.

Derimot; er lappen på plass, betyr det at huset er tomt og at det ikkje har vore folk i huset på ei stund. Papirlappen er som eit grønt ljos for innbrotstjuvar.

For politiet er dette ukjent her i Ottadalen, sjølv om ein har høyrt om dette frå andre plassar i landet.

Lensmann Tor Trønnes seier at det er grunn til å vere merksam.

– Tida er over da vi kunne gå frå ulåst bil og hus, seier Trønnes.