– Eg gler meg. Eg føler eg kjem heim att, seier Mari Arnøygard Wedum. Ho er tilsett som ny dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS i Lom.

Den blide jenta som pratar klingande vågåmål vart landskjent da ho i 2010 vann «71 grader nord» på TV Norge. Nå flyttar ho «heim» til Ottadalen for å leie reiselivet i Jotunheimen.

Mari Arnøygard Wedum voks opp i botnen av Hafjell alpinsenter i Øyer, men har mor frå Vågå. Ho har dei tolv siste åra budd i Rogaland, og ser nå fram til å flytte til Vågå med sambuar Hans Magne og deira to søner på snart 3 år og 5 månader.

– Eg gler meg til å bli kjent med alle aktørane innan reiselivet. Det blir spennande og utfordrande. Eg er gira på ein kombinasjon av jobb, fjell og natur, seier Mari Arnøygard Wedum.

– Styret er særs nøgde med at Mari ynskjer å ta den spennande utfordringa det er å vidareutvikle reiselivet i Jotunheimen, og Visit Jotunheimen AS som selskap, skriv styreleiar Karin Bing Orgland i Visit Jotunheimen AS i ei pressemelding.