– Det handlar om at Lom kyrkjelege fellesråd har stramma inn på opningstida. Det er å gå baklengs inn i framtida, tykkjer Torunn Kjøk.

Per 1. juli hadde Lomskyrkja besøk av 1500 fleire enn på same tid i fjor. Ein imponerande auke, spesielt med tanke på at sesongen i år har vore ti dagar stuttare enn i fjor, og at mange grupper har avbestilt guida turar på grunn av stengde fjellovergangar i mai og juni. Lomskyrkja opna turistsesongen 18. mai i år, mot 8. mai i fjor. Samstundes er det slik at Lomskyrkja skal avslutte omvisartenesta 20. september.

– Altfor tidleg, meiner Torunn Kjøk. Ho tykkjer Lomskyrkja burde vore open i alle fall ut september, og helst til etter haustferien.

– I fjor gjekk omvisartenesta i Lomskyrkja med om lag ein million kroner i overskot, slik eg har forstått det. Kvifor skal det da strammast inn på opningstida? I tillegg har vi fått hint om at det bør kuttast i talet på omvisarar også. Kvifor i alle dagar skal vi det? Vi får svært gode attendemeldingar om at omvisarane våre er kunnskapsrike og flinke. Nå har vi omvisarar som kan guide på 10-12 ulike språk, berre vi får bestillingar på førehand. Vi treng dei guidane vi har, vi har det travelt alle mann, seier Kjøk.

Ho fortel at både Borgund stavkyrkje og Urnes stavkyrkje opnar turistsesongen 1. mai, med andre ord 18 dagar før Lomskyrkja.

– Det er mange fleire folk som passerer Lom enn der. Eg er fortvila over innstrammingane Lom kyrkjelege fellesråd legg opp til, og eg kan rett og slett ikkje begripe kva som er grunnen, seier Kjøk. Ho legg til at dersom årsaka hadde vore å spare kyrkja for slitasje, ville ho vore den fyrste til å akseptere det.

Jon Kleiven, som er leiar i Lom kyrkjelege fellesråd, seier i ein kommentar til Fjuken at det er økonomiske årsaker som er grunnen til innstrammingane.

– Vi må spare pengar. Fyrst og sist i turistsesongen er ikkje besøket så stort i Lomskyrkja. Derfor fann vi det formålestenleg å spare pengar ved å stramme inn på opningstid og bruk av guidar.

– Men omvisartenesta går med store overskot?

– Ja, det er korrekt, men den totale rekneskapen i Lom kyrkjelege fellesråd gjer ikkje det. Derfor måtte noko gjerast.

– Kan det skjerast utgifter andre stader enn i omvisartenesta?

– Ja, det kan det, og det har vi gjort. Vi har brukt ostehøvelen over alt og vi har snudd alle steinar det er mogleg å snu på leit etter stader vi kan skjera ned på utgiftene, svarar Jon Kleiven.

– Eg er fortvila over innstrammingane Lom kyrkjelege fellesråd legg opp til, seier Torunn Kjøk. Foto: VIGDIS KROKEN