Rauma kommune er i prosessen med å tilsetje ny rådmann som skal starte opp i august i år. Søknadsfristen til stillinga var 18. januar.

Administrasjonssjef i Lom kommune, Ola Helstad, er éin av til saman 11 personar som har søkt rådmannstillinga i Rauma. Kommunen ligg i Romsdal i Møre og Romsdal. Tre av søkjarane er unnteke offentlegheita.

Dette kjem fram i den offentlege søkjarlista som Rauma kommune offentleggjorde på sine nettsider tysdag.

Helstad har tidlegare søkt tilsvarande stillingar i Skjåk, Lillehammer og Øyer.

I fylgje Rauma kommune er målet at kommunestyret fattar vedtak om tilsetjing den 14. mars.