Det var under den innhaldsrike festkvelden i Utgard laurdag kveld, under Diktardagar, at Diktardagarprisen 2015 vart tildelt Anna Kleiva frå Vinstra.

Den unge lyrikaren frå midtdalen er fødd i 1985, har studert litteraturvitenskap, gått på Forfattarstudiet i Bø, og vore student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Anna Kleiva debuterte i 2011 med diktsamlinga «Til liknande versjonar». I 2014 gav ho ut diktsamlinga «Vårar seinare». For denne fekk ho Natt & Dags Oslopris for Årets Bok 2014. Tidlegare i år vart Kleiva tildelt Bjørnsonstipendet for 2015.

Diktardagarprisen blir delt ut som ei oppmuntring til eit lovande lokalt eller regionalt talent, og vart delt ut for fyrste gong i fjor til Vågå-forfattaren Gyrid Øvsteng.

Prisen er på 5.000 kroner.

Sjå meir frå Diktardagar i papiravisa torsdag.

Prisvinnaren kvitterte med diktlesing. Foto: Tom Erik Solstad