– Hendinga i Oslo er alvorleg og blir etterforska som ei terrorhandling. Basert på informasjon fra PST og Oslo politidistrikt har vi difor bestemt oss for å innføre mellombels væpning. Eg ynskjer å uttrykkje stor medkjensle med dei som er direkte berørt av det som har skjedd i Oslo, og alle dei som nå kjenner på ei frykt, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.

I natt vart alle politidistrikt og særorgan varsla kort tid etter hendinga i Oslo. Politidirektoratet følgjer situasjonen nøye og det pågår nå eit etterretningssamarbeid mellom politiet og PST (Politiets sikkerhetstjeneste).

Politidistrikta vil vurdere sikkerheit knytt til lokale Pride-arrangement gjennom helga.

To personar vart natt til laurdag drepne og over 20 personar skadd, etter at ein mann byrja å skyte på ein utestad ved Oslo tinghus og deretter ved ein annan pub i nærleiken. Skytinga starta ved eitt-tida natt til laurdag. Gjerningspersonen vart pågripen av politiet kort tid seinare.