Det skriv avisa GD.

Politiet fekk meldinga rett før klokka 9 fredag morgon, frå nokon som hadde sett vedkomande.

– Det er ikkje noko som tyder på at det ligg noko kriminelt bak. Saka blir etterforska på vanleg måte, seier operasjonsleiar Rune Vegard Huse i Innlandet politidistrikt til GD.

I fylgje avisa er den døde personen ein vaksen mannsperson heimehøyrande i distriktet.