Jon Brennhaug kom køyrande like etter at steinen kom deisande. Foto: Jon Brennhaug

– Vi var vel den tredje bilen som kom, og berre flaks har gjort at ingen vart teken av denne steinen, seier Jon Brennhaug som onsdag morgon køyrde på rv 15.

Brennhaug trur at steinen kan vera 3–4 kubikk.

Politi er på staden, entreprenør er på veg. Vegen er førebels sperra.

Vegtrafikksentralen (VTS) fortel at situasjonen er uoversiktleg, men ein kan frå aust køyre om Sjoa og Randsverk og ned Fjellvegen. Nedover Ottadalen blir personbilar rådde til å køyre Liavegen/Solsidevegen. Denne vegen kan ikkje nyttast av tungtransport.

Krysset i Randen er altså ope frå vest, slik Fjuken oppfattar det.

Kor lenge vegen blir stengt er usikkert, melder VTS.

Ein kjempestein har rulla ned på rv 15 ved Randen. Foto: Fjukentipsar
Vegen er førebels sperra. Foto: Christian Nørstegård