Kriseleiinga i Skjåk kommune kom med fylgjande status klokka 8.30 onsdag:

  • Faregrad er framleis raudt for heile Skjåk. Farevarselet gjeld for regn og flaumfare, samt jord- og flaumskred, i forbindelse med ekstremvêret.

  • Det oppmodast om at innbyggjarane held seg unna elver og bekkar med stor vassføring. Skjøla og Ottaelva har framleis stor vassføring. Skjåk kommune følgjer situasjonen fortløpande.

  • Det er 25 evakuerte bebuarar i Skjåk - 14 av desse er på Turistheimen, resterande i privat losjering. To personar frå psykososialt kriseteam er også stasjonert på Turistheimen. Det er ikkje anledning å flytte attende til evakuerte områder. Faregrad er framleis raudt.

  • Det er framleis stengt riksveg 15 aust for Lom - Riksvegen er ope mellom Lom og Skjåk

  • Det er oppheva oppmøtestad på Dønfoss barnehage ved utfall av EKOM - kun oppmøtestad Skjåkheimen som gjeld nå.

  • Telefonnummer som innbyggjarane kan nå Skjåk kommune på dersom dei ser noko kriseleiinga treng å kjenne til er 61217000 (Servicetorget).

  • Teknisk vakt i Skjåk kommune kan kontaktast på telefon 909 77 628  dersom det er spørsmål i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp

  • Det har vore mindre nedbør i natt, og det er meldt mindre nedbør, men utglidingar i terrenget kan koma når nedbør trekkjer seg attende.