Rett før klokka 13 måndag fekk politiet melding om utgliding av masse under eit gamalt fjøs på ei adresse i Bråtåvegen i Nordberg i Skjåk.

Både politi og brannvesen rykka ut til staden.

– Det er ikkje fare for korkje dyr eller menneske. Fjøset var tomt for dyr og det var ingen personar i fjøset, seier operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Geir Rune Ekse, til Fjuken ved 13.30-tida.

I fylgje operasjonsleiaren ligg fjøset på nersida av vegen og det skal per nå ikkje vera fare for fylkesvegen.

– Ein er redd at det skal grave seg vidare mot hovudvegen på garden, sidan det er så mykje vatn nå på grunn av nedbør. Så langt meiner ein at hovudhuset på garden står trygt, men at sjølve fjøset står utrygt. NVE er kontakta og skal gjera ei vurdering, seier Ekse.

Både politi og brannvesen rykka ut. Frå venstre: Innsatsleiar i politiet Roger Haugen, politibetjent Rolv Atle Mallaug og innsatsleiar brann, Arne Sæther. Foto: Ola Ø. Rossehaug

Fjuken sin journalist på staden, Ola Ø. Rossehaug, fortel at det er prat om ein liten mur under fjøset som har rast ut, og at korkje politi eller brannvesen trur hendinga har noko med vêret å gjera.

Området vil bli avsperra, og politiet oppmodar skodelystne om å respektere avsperringa.

Det er ein liten mur som har rast ut. Foto: Ola Ø. Rossehaug