Eit ras har gått øvst i bustadfeltet i Neslykkjevegen på Tessanden i 8-tida i dag, som såvidt skal ha berørt eit hus. Vågå kommune har difor råda bebuarane der til å evakuere.

Stein Holen som er tilstades på Tessand grendahus for å bistå med evakuering der, kan opplyse at det natt til onsdag var seks personar som nytta seg av tilbodet om overnatting der. Og det er i dag venta ti personar til.

– Vi har både senger og sofaer og plass til alle som treng det, seier Holen.

Etter det Fjuken har kjennskap til, har det og gått ras på ein eigedom mellom Randen og Kviten som skal ha medført evakuering av ein husstand.

Ras i Neslykkjevegen på Tessanden i dag. Foto: Børge Olsen/Privat