Statsforvaltaren fekk sjå at det blir jobba godt med innovasjon både i fjøs, med oppvekstreform og med dei demografiske utfordringane.

I Skjåk kommune starta besøket i grisefjøset hjå Anita Tråstad og Kjell Erik Galde. Dei har fyrsteplassen i formeringsbesetning på svin i 2023.

– Vinnaroppskrifta er mange timar i fjøset saman med grisane, meiner Anita og Kjell.

– Vi fekk til og med sjå ein grisefødsel, heiter det frå forvaltarhald.

Innovasjon og tilflytting

Turen gjekk videre til boligprosjektet Sats på Skjåksom kommunen har saman med Husbanken.

Prosjektleiar Tea Karoline Mork fortalde at Sats på Skjåk er kommunen sitt motsvar på demografi- og befolkningsutfordringa i kommunen.

Oppvekstreformen og brannvesenet

Kari Anne Skjaak, konstituert kommunedirektør, og Brannsjef i Lom og Skjåk, Atle Festervoll, fortalde om oppvekstreformen og arbeidet i brannvesenet. Medan brannsjefen ytra bekymring over stadig fleire helseoppdrag, noko dei manglar kompetanse til, ytra kommunalsjefen bekymring for at barna mister si naturlege utvikling når alt blir vaksenstyrt. Ho meiner at både foreldre og skule må ta dette på alvor.

– Vi må prate meir om verdien av den frie leiken og viktigheita av den, for barnas utvikling, sa Kari Anne Skjaak.

Skjåkheimen 100 år

Turen vart avslutta på den 100 år gamle Skjåkheimen. Her vart det servert heimelaga suppe og heimebaka brød saman med musikalsk innslag frå kulturskulen. Skjåheimen har eit fleksibelt kjøken med flinke folk som satsar på kvalitet. Kjøkenet er kåra til det beste institusjonskjøkenet i Innlandet.

(Saka er basert på ein artikkel publisert hjå Statsforvaltaren i Innlandet)

Per Brumillom på Skjåkheimen syner Knut Storberget korleis kabalen skal gå opp. Foto: Edel Kveen