Det er meldt snø i store deler av fjella i Sør-Norge i helga.

Frå seint laurdag ettermiddag til sundag morgon er det venta 5-10 centimeter snø i fjellet. Snøgrensa vil variere mellom 900 – 1.200 meter over havet.

Rådet frå Meteorologane er:

IKKJE legg ut på køyretur over fjellovergangane utan å ha skifta til vinterdekk!

Det kan vera lokalt vanskelege køyreforhold.