– Takka vera allemannsretten har vi fantastiske moglegheiter til å oppleva naturen rundt oss, så det er berre å koma seg ut. Felles aktivitetar der familien legger bort skjermer og gjev kvarandre si fulle merksemd, kan skape svært trivelege stunder, uansett kvar de tilbringer juleferien, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier.

Norsk Friluftsliv er fellesorganisasjonen for dei 18 store friviljuge friluftslivsorganisasjonane, med til saman nær ein million medlemskap. Her får du deira forslag til trivelege aktivitetar å gjera ute med barna i jula.

1) Bålkos: Tenn eit bål, pust heilt ut og la julefreden senke seg. Berre hugs regelen om sporlaus ferdsel og slukk godt når de er ferdige.

2) Hovudlykt-tur i skogen: Utstyrt med ei hovudlykt eller lommelykt kan de gå tur i skogen sjølv om det er mørkt ute. Ein liten tur i nærområdet er nok til at dette blir ein spennande ekspedisjon for barna.

3) Skileik: Bur du på ein stad med nok snø, er det mange morosame skiaktivitetar å finne på.

4) Mat småfuglane: Å lage sin eigen fuglemat er ein triveleg aktivitet for store og små. På nettet finn de mange oppskrifter og lister over god fuglemat.

5) Leit etter nisselua: Har de ein liten nissefigur eller liknande i huset? Ta av lua og gøym den ein stad ute, så kan det bli ein spennande luejakt.

6) Aketur: Det er mykje moro ein kan finne på i ein bakke, og om kvelden kan ein også tenne ljos for å skape ekstra stemning.

7) Oppdag stjernehimmelen: Aldri er stjernene så flotte som på ein klar vinterkveld.

8) Gå på skøyter eller turskøyter: Turskøyting blir stadig mer populært.

9) Turgøymsel

10)  Skitur

(Pressemelding)