Lom og Skjåk brannvesen rykka laurdag ettermiddag ut til ei singelulykke på riksveg 15 i Skjåk, der ein kassebil hadde køyrd av vegen.

Brannsjef Atle Festervoll fortel til Fjuken at utforkøyringa skjedde mellom brøytestasjonen og Oppljostunnelen i Breidalen.

– Føraren var einsleg i bilen. Vi har vore på staden og prata med vedkomande, og han er uskadd. Nå ventar han på berging av bilen, som han har bestilt sjølv. Brannvesenet er på veg ned att, for vi hadde ikkje noko meir vi kunne bistå med der. Bakenden på bilen står så vidt utanfor kvitstripa, seier Festervoll på telefonen rett før klokka 17.30.

I fylgje brannsjefen ringde føraren AMK og varsla om utforkøyringa. Brannvesenet vart da, som einaste naudetat, kalla ut til staden, sidan føraren ikkje var skadd.