– Sju tjuveritilfelle er meldt til politiet. To av dei har skjedd tidlegare i mai, medan dei fem siste har skjedd denne veka, seier politioverbetjent Roger Haugen på politikontoret i Lom.

Alle tilfella som er meldt til politiet er i Skjåk.

Fjuken er kjent med at fleire av tjuveria har skjedd i Langleitsgrendi i Nordberg.

Haugen fortel at tjuveria er gjort frå der tjuvane har hatt tilgang på gardsplassar, fjøs og uthus.

– Eg har ikkje heilt oversikt over alt som er stole, men det er mellom anna syklar, motorsager, handverkty og diesel frå ein traktor. Det kan vera dei same personane som står bak alle tilfella, men dette er vanskeleg å si, seier politioverbetjenten.

Han ber nå folk vera ekstra på vakt og kontakte politiet om ein skulle sjå mistenkelege bilar og personar.

– Noter ned biltype, skiltnummer og andre relevante ting, og ring politiet på telefonnummer 02800, oppmodar Haugen.