Dei tilsette fekk meldinga på eit allmøte på ysteriet, der også representantar frå TINE-leiinga var til stades.

 – Delar av produksjonen som er der i dag vil gradvis flyttast over til Byrkjelo eller Storsteinnes, som vil bety ein reduksjon i bemanninga, heiter det i pressemeldinga.

Vidare heiter det:

– Drifta i Lom og Skjåk videreførast, men i eit mindre omfang. Samstundes blir det lagt opp til eit eige konsept basert på den grytekokte brunosten som skal bygge på den tradisjonsrike, originale oppskriften frå Gudbrandsdalen.

Fjuken kjem attende med reaksjonar og oppdateringar om saka.