- Det er ikkje kvar dag ein leverer seks nye bilar til ein kunde, seier bilseljar Magne Mork i Skogen Bil AS.
Han fortel at dette er den største enkeltleveransen som er gjort etter at Skogen Bil starta med sal av nye bilar.
Det er Otta Detailing AS som har kjøpt fire Kia og to Citroën.
Dagleg leiar Magne Røyrvik fortel at dette er fyrste leveransen av totalt 10-15 bilar.
- Til sommaren vil vi kjøpe fire bilar til, og målet er enda fem bilar mot nyttår, seier Røyrvik.
Ottafirmaet har eksistert i fem år og har drive med bilpleie. Dei har utvida drifta med utleige av bilar og er knytt til utleigeselskapet Hertz.
Magne Røyrvik fortel at 70 prosent av bilane deira blir leigd ut til bilskadekundar gjennom forsikringsselskapet Gjensidige.
- Det er god reklame for oss, seier Magne Mork.
Røyrvik fortel at dei leverer utleigebil til bilskadekundar frå fronsbygdene i sør til Dombås og Vågå i nord.
- Vi arbeider med å få til ei avtale i Lom, seier Røyrvik.
Dei fem bilane som vart overlevert torsdag har ein salsverdi på 1,6 millionar kroner.