Det var måndag førre veke at Dønfoss Camping i Skjåk vart kåra til Norges campingfavoritt av det norske folk og Gule Sider. Sidan konkurransen og avstemminga starta 16. juni har norske campinggjestar nominert 541 campingplassar og gjeve nesten 25.000 stemmer på internett fram til avstemminga vart avslutta 31. juli. Dønfoss Camping kniva til det siste om sigeren mot Olderelv Camping i Troms, og fekk over 7.000 av stemmene. Dønfoss Camping fekk om lag 500 stemmer meir enn Olderelv.

Tysdag ettermiddag var produktsjef i Gule Sider, Håvard Skaug, på plass hjå campingfavoritten med heider og premiar. I samarbeid med Gule Sider hadde Frode Aaboen og resten av vertskapet på Dønfoss Camping invitert campinggjestar og andre til å ta del i markeringa.

Frå Gule Sider fekk Dønfoss Camping tildelt eit diplom og ein pokal som eit synleg bevis på at campingplassen i Skjåk er heile landets favorittcampingplass. Skjåkordførar Rolv Kristen Øygard hadde også teke turen, og kom med rosande ord og t-skjorter til drivarane på Dønfoss Camping. Blome frå dei faste campinggjestane vart også overrekt før det vart servert blautkake og kaffi til dei mange frammøtte.

Dønfoss Camping vart starta opp i 1990 av ekteparet Oddny og Oddbjørn Aaboen. Sonen Frode og sambuar Charlotta Ericsson har nå teke over drifta av plassen.

Dønfoss Camping er kåra til Norges campingfavoritt. Bak frå venstre: Oddny Aaboen, Oddbjørn Aaboen og Frode Aaboen. Framme står Charlotta Ericsson med Emma Aaboen. Foto: Tom Erik Solstad
Produktsjef i Gule Sider, Håvard Skaug, delte ut diplom til Frode Aaboen. Foto: Tom Erik Solstad
Mange hadde teke turen til Dønfoss Camping for å ta del i markeringa. Foto: Tom Erik Solstad