Formannskapet i Skjåk har fredag drøfta framlegg til neste års budsjett og økonomiplan. Politikarane held på at den vedtekne handlingsregelen skal følgjast så godt det let seg gjera. Politikarane er òg einige om at landbrukskontoret, som i dag blir drifta av næringsfondet, skal over på driftsbudsjettet for 2017.

Rådmann Svein Holen fortel til Fjuken at dette vil bety - dersom kommunestyret er samde med formannskapet - at det må kuttast ytterlegare 5,7 millionar kroner i neste års budsjett.

– Eg har sagt i fleire samanhengar at dersom det skal kuttast meir enn det vi har gjort, så er vi nøydde til å gå på faste årsverk. Det må brukast øks, ikkje ostehøvel. Vi kjem ikkje i mål ved å spare på porto, kontorutstyr og slike ting, seier han.

– Kva gjer du nå?

– Nå skal eg gjera det eg kan for å samle tillittsapparatet til ei orientering før jul. Så tidleg som råd i januar skal vi setja oss ned og sjå på kva som kan gjerast og korleis, leggje til rette for ein prosess. Det er svært viktig å arbeide raskt. Alle tilsette har tre månaders oppseiingstid. Dersom det tek lang tid å lande denne prosessen, kan det bety at fleire enn 11 årsverk må bort, påpeikar rådmannen.