Ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom sende onsdag kveld denne meldinga til kollegaer i Nord-Gudbrandsdalen:
«Som dykk sikkert er kjent med gjennom media er det 42 søkjarar til studiespesialisering i NGVgs avd. Lom. Det er i utgangspunktet lagt opp til ei klasse på 30 elevar. Ved inntak er det slik at dei med beste karakterane fyrst får oppfylt sitt ynskje om skuleval, noko som sjølvsagt er heilt rett. Når ikkje alle elevane som ynskjer det får plass vil det føre til at elevar både frå Lom og Skjåk må reise til Otta eller andre plasser. Noko som vil føre til lange reiseavstandar og for dei fleste ei ikkje ynskt hybeltilvære. Eg har saman med skjåkordførar engasjert meg for å finne moglege løysningar som ikkje skal gå utover tilboda ved andre avdelingar i regionen eller fylket. Etter ein dialog med fleire fylkespolitikarar har det vore sonderingar i dag.
Aud Hove har lufta ideen om ei stor klasse med fleire under lunsjen i fylkestinget i dag. Det verkar som om det kan vere vilje til å støtte eit forslag som går ut på at det vert etablert ei storklasse med 42 elevar i Lom. Eg har på vegne av Lom kommune gjort det klart at det ikkje skal stå på den fysiske tilrettelegginga med lokal. Kultursalen som ligg i same bygget som vidaregåande kan nyttast til forelesning det meste av skuleåret. I tillegg er det eit stort klasserom og fleire mindre klasserom tilgjengeleg på byggfagavdelinga. Dette vil vere ei god og rimeleg løysing som gjer at elevane får oppfylt sitt ynskje og tek si vidaregåande utdanning i regionen. Eg håpar dykk alle kan støtte opp om dette og foreslår at det vert laga ei sak/uttale som kan handsamast i AU».
Ordføraren meiner det hastar med ei avklaring og tilbakemelding til fylkeskommunen og vil ha eit telefonmøte så fort som råd om saka.