3,7 millionar eigarar av køyretøy skal ha fått faktura i postkassen eller varsel i nettbanken med krav om årsavgift frå Skatteetaten.

Dersom du ikkje betaler årsavgifta innan forfallsdatoen må du, uansett årsak, betale ei tilleggsavgift. For bil og motorsykkel er den 250 kroner. Det er ikkje mogeleg å få betalingsutsetjing for årsavgifta.

Forfallsdatoen er måndag 21. mars.

Den som sto som eigar av registrert køyretøy hos Statens vegvesen 1. januar 2016, er ansvarleg for å betale årsavgifta for i år. Du skal ikkje betale dersom du leverte registreringsnummerskilta til Statens vegvesen innan 31. desember 2015, eller dersom du vrakar køyretøyet seinast 21. mars.

Du kan enkelt sjekke på skatteetaten.no om årsavgifta på eit køyretøy er betalt.