Ni personar er tilsett for å drive bufellesskapet i den tidlegare prestebustaden i Skjåk, som kommunen leiger av Opplysningsvesenets fond.

Bustaden og dei tilsette er klare til å ta imot og hjelpe dei som kjem, men Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) kan ikkje gjeva kommunen svar på om det i det heile teke kjem nokon.

Pengane fylgjer flyktningane, og kommunen har frå 1. januar 500.000 kroner i månadlege utgifter - kroner det ikkje er sikkert dei får refundert.

Dei tilsette er mellombels sysselsette i ulike vikariat.

Saka vil bli teke opp i Stortingets spørjetime, av Ivar Odnes (Sp). KS (kommunane sin iteresseorganisasjon) er i gang med å samle fakta om kor mange kommunar som er i same situasjon som Skjåk.

Meir om saka i Fjuken på papir, 19. januar og 26. januar.