Skogstad Sport AS er éin av landets leiande leverandørar av sport- og fritidsklede. Bedrifta vart etablert i 1937 i Innvik i Stryn kommune.
– Skogstad ser på Lom som eit knutepunkt og ein utfartsstad for mange alternative fjellturar. Vi har over tid sett at det er mykje folk i Lom sentrum, samstundes ser vi at mange reiser austanifrå over fjellet for å handle i butikken vår i Stryn, seier Janne Fredheim Klaesson til Fjuken.
Ho er nestleiar i Skogstad Detalj AS, og fortel at sportskjeda Skogstad Sport har eit ynskje om å få opna butikken i Lom i løpet av våren eller tidleg sommar.
– Vi har leigd heile underetasjen i Flækøybygget, og blir så å si ein fullsortimentsbutikk. Vi skal ha produkt til mini, barn, dame og herre. I tillegg vil det vera gode tilbod og produkt frå dei nyaste kolleksjonane våre, seier Klaesson.
Skogstad skal ta i bruk lokala etter Vinmonopolet som etter kvart skal flytte til varehuset Koopen, og tannlegekontoret som allereie har flytta ut frå Flækøybygget.
Skogstad-butikken i Lom blir heilårsopen, og etter kvart startar arbeidet med å finne ein butikksjef. Det skal også tilsetjast nokre deltidstilsette og ekstrahjelpar i butikken. Dette vil bli vurdert fortløpande.
– Kva tenkjer dykk om at det allereie er fleire godt etablerte sportsbutikkar i Lom?
– Vi håpar og trur at det er rom for Skogstad i Lom. Vi trur dei eksisterande butikkane og Skogstad kan utfylle kvarandre på ein god måte, seier Janne Fredheim Klaesson.
Skogstad-butikken i Flækøybygget blir Skogstad Sport sin tiande butikk. Frå før har kjeda butikkar i Innvik, Olden, Stryn, Lillehammer, Kristiansund, Sandefjord, Harstad, Sotra, og Lørenskog.