– Eg har lese artikkelen i Fjuken, og har nokre tankar om saka. Eg har òg eit forslag til løysing på problemet på stutt sikt i påvente av ei meir permanent løysing, seier Nils Jørgen Selliseth, spesialist i kjeveortopedi ved Apollonia Tannklinikk.

Han fortel at det i «gamle dagar» vart organisert ei ordning mellom Lesja og Ålesund. Ein drosjesjåfør tok på seg å «samle opp» pasientar som skulle til tannklinikken, og køyrde desse fast ein gong i månaden.

– I dag er vegane mykje betre, så eg tenkjer det må gå an å gjera noko tilsvarande denne gongen, som ei stuttsiktig løysing inntil det etablerer seg ein reguleringstannlege på Otta eller i nærleiken. Kanskje kan det gå an å organisere felles transport, bestille minibuss og ta ein tur til Ålesund med jamne mellomrom, til dømes ein gong i månaden. I så tilfelle kan eg stille meg til disposisjon, ta imot pasientar med tannregulering ein halv dag eller kanskje heile dagen, alt ettersom kva behovet er. Da blir ikkje belastninga på foreldra så stor, for da vil det sjølvsagt vera mogleg å veksle på kven som er med på minibussen, seier Jørgen Selliseth.

Han fortel at det er meir utfordrande for han å koma til Otta for å ta imot pasientar der.

– Det er ikkje fordi eg ikkje vil, men fordi det somme gonger er naudsynt å bruke utstyr det ikkje er mogleg å ta med seg i ein koffert. Når ei regulering skal strammast, er det somme gonger naudsynt med justeringar eller reparasjonar, og da må ein ha utstyr å hjelpe seg med.

Merete Byre-Haakensen, som har starta underskriftsaksjonen for eit betre tilbod til born og ungdom som treng tannregulering i Nord-Gudbrandsdalen, seier ho set stor pris på initiativet frå Ålesund.

– Men det er ikkje ei løysing på hovudproblemet, nemleg at born og ungdom må bruke ein heil skuledag kvar gong dei er til behandling hjå reguleringstannlege. Det er likevel eit konstruktivt forslag, og ei slik stuttsiktig løysing vil sjølvsagt minske bilkøyringa og belastninga på foreldra. Når det er sagt, kan ei samkøyring sjølvsagt organiserast til Hamar like godt som til Ålesund, seier Byre-Haakensen, som nyttar høvet til å gje frå seg eit lite stikk til Oppland fylkeskommune og lokale politikarar.

– Eg tykkjer det er ganske betenkjeleg at forslag om korleis vi skal løyse situasjonen kjem frå eit anna fylke og ikkje frå Oppland. Det var overraskande, men likevel: Konstruktivt. Eg set pris på det, seier ho.

Merete Byre-Haakensen er spent på om Oppland fylkeskommune og lokale politikarar vil sjå på forslaget frå Ålesund som ei sovepute - eller om det var dette som skulle til for å få fortgang i saka.