Lomsrussen har fått på seg russekleda, og er godt i gang med å utføre såkalla russeknutar, eller russekrav.

I alt har russekullet på 30 i år ei liste med 105 russekrav dei kan utføre.

Måndag føremiddag vart folk i Lom sentrum vitne til ei lunsjpause litt utanom det vanlege. I rundkøyringa sat ein gjeng russejenter med matpakkene sine.

Å ha lunsjpause i rundkøyringa på Bergom er nemleg eitt av dei over 100 russekrava til avgangselevane ved den vidaregåande skulen i Lom. Jentene såg ut til å kose seg, sjølv om køyrety av alle slag susa forbi og rundt dei den tida dei sat i rundkøyringa.

Vi får nok sjå meir av Lomsrussen i vekene framover, gjennom russetida som varar til og med 17. mai.

For spesielt interesserte: Dei som utfører lunsj-russekravet i rundkøyringa får ein rund brødbit i russelua si ...

Russejentene såg ut til å kose seg. Foto: Tom Erik Solstad