Den nystarta Skredgruppe Innlandet vart starta på oppfordring frå politiet og er godkjent av Norges Røde Kors.

Gruppa har i dag 13 medlemmar, i hovudsak frå Nord-Gudbrandsdalen, men har også ein på Gjøvik og tre frå Valdres. I gruppa finn ein alt frå redningsmenn på Luftambulansen, frå politiet, forsvaret og ambulanse. Halvparten av dei som er med i gruppa, er også med i den lokale fjellredningsgruppa som er ute på aksjonar i meir bratt lende.

Leiar Ørjan Venås fortel at medlemmane i gruppa har topputdanning innan skred. Dei forpliktar seg til å halde seg fagleg oppdatert og skal godkjennast kvart år.

– Primæroppgåva til skredgruppa er å vere fyrsteinnsats når eit snøskred har gått, seier Ørjan Venås.

Alle medlemmane er med i gruppa som friviljuge. Dei er alltid tilgjengelege på telefon, klare til å rykke ut på stutt varsel. Når alarmen om skred går, får alle i skredgruppa beskjed. Den som da er nærmast skredstaden eller lettast å plukke opp for Luftambulansen, må vere klar for innsats på fire-fem minutt. Da er det greit at sekken står ferdig pakka.

Skredgruppe Innlandet har fått 240.000 kroner i støtte frå Gjensidigestiftelsen til innkjøp av utstyr til medlemmane. Ørjan Venås fortel at det er kjøpt 20 sekkar, kvar sekk med utstyr kostar ti tusen kroner. I sekken finn ein utstyr som skredsøkar - sender og mottakar, søkestong, spade, jervenduk, hovudlykt.

Ole Johan Dyste frå Distriktskontoret i Oppland Røde Kors har administrert søknad og innkjøp av utstyr til skredgruppa. Fredag overleverte han 20 sekkar til Ørjan Venås og Dag Inge Bakke i skredgruppa på Lemonsjøen. Dyste seier det er stort behov for ei slik beredskapsgruppe for skred.

– Medlemmane må støtt ha sekken med seg, for å kunne rykke ut på stutt varsel, seier Venås. Han fortel at det skal leggjast ein sekk i kvart helikopter på Norsk Luftambulanse sine basar på Dombås og Ål. I tillegg er det kjøpt ein PC og videokanon for kurs og trening.

– Folk må ut på tur, seier Ørjan Venås. Målet er ikkje å skremme folk frå å gå på fjelltur, men å informere om skredfaren. Han oppfordrar folk som skal på påskefjellet om å følgje med på Varsom.no om det er skredfare. Og skulle ulykka vere ute, ring 112.