– Vi manglar dirigent. Vi har ringt rundt til alle vi trur kan hjelpe oss, men vi har ikkje lukkast. Situasjonen for korpset tek til å bli kritisk, sukkar Ingrid Strind, styreleiar i Lom skulekorps.

Lom skulekorps har vore «bortskjemde» på det viset at Nils Magne Brandsar har hatt dirigentvervet i ei årrekkje. Før jul sa han frå seg vervet på grunn av helsemessige årsaker, og det har ikkje lukkast styret å få tak i ein ny. Lom skulekorps er ikkje stort. Akkurat nå består korpset av ti medlemar, frå 10 til 13 år.

Les meir i papiravisa.