Mari Bruheim (8) frå Skjåk sådde gulrøter i fjor. Ikkje alle kom opp av jorda, men har overvintra og vakse gjennom vinter og vår.

Mai var heller ein skral månad, men vårmånadene før det - og vinteren - har vore mild. Difor var det ei brukbar stor og god gulrot Mari kunne dra opp av jorda den 24. mai.