Det er Fylkesmannen i Oppland som har gjort kartlegginga for UDI. Både Skjåk, Lom og Vågå har rapportert om moglege plassar der ein kan ta imot flyktningar.

– Totalt sett vil alle lokale som er meldt inn kunne gje plass til langt over tusen flyktningar, men det er usikkert om alle lokalitetane kan brukast. Ikkje minst gjeld det om eigarane av dei ulike stadene ynskjer å leige ut, og om tidspunktet for utleige passar med eventuelle andre planar dei har, melder fylkesmannen.

Oversikta frå fylkesmannen ser slik ut:

Skjåk: Øyberg seter (overnattingsbedrift), Skjåk sæter (pensjonat), Mogard (gjestgiveri/hytter), Jens Damerau (einebustad) og Grotli høgfjellshotell (overnattingsbedrift).

Lom: Kvila i Garmo (overnattingsbedrift), Nordal (overnattingsbedrift).

Vågå: Klones gard.