Breheimen Mat tek til å bli vant til store arrangement. Matbedrifta frå Skjåk er fast inventar på fleire av dei største musikkfestivalane i Sør-Noreg i sommarhalvåret, og har elles hatt suksess med elgburgarar og anna snadder på idrettsarrangement, som ski-vm i Oslo i 2011.

Nå skal det serverast mat frå Skjåk til tusenvis av tilskodarar under verdscupen i skiflyging i februar. Det er venta opptil 20.000 tilskodarar dagleg.

Fire utsalstader skal Skiaker styre. Den velrenommerte restauranten Bølgen og Moi skal servere VIP-en blant skifolka.

Tre helger seinare i vår skal Leif Skiaker og Breheimen Mat sørge for mat på arrangement der det er om lag 13.000 besøkande kvar dag.

Komande helg er Skiaker og medarbeidarane hans på plass i Oslo i samband med 25-årsjubileet til kongeparet.

Les meir om Breheimen Mat i denne vekas Fjuken.