– Dette er noko eg har tenkt på i mange år, og som eg har ynskt meg. Endeleg vart det limousin! seier den lykkelege eigaren.

Nyleg var Hans Anton Gjerdet og kompisen Geir Bruland i Ålesund for å hente luksusbilen. Bilen er ein limousin av typen Lincoln, 1996-modell, med 4,9 liter V8-motor. Den åtte meter lange «skuta» med ni seter kan køyrast av alle som har førarkort for personbil klasse B. Men ein må nok halde tunga rett i munnen når ein skal gjennom rundkøyringar med denne farkosten, om ein ikkje har erfaring.

Limousin er ein stor luksuriøs bil, ofte nytta av eigarar som har privatsjåfør. Og Hans Anton fortel at privatsjåfør er i orden.

– Geir har utnemnd seg sjølv til å vera sjåføren min, gliser han, og glyttar bortpå kompisen sin.

– Ja, det stemmer! konstaterer Bruland.

Hans Anton fortel at han sjølv ennå ikkje har køyrt luksusbilen han har kjøpt.

– Eg skal berre sitja på eg. Andre får køyre, seier han.

Så må ein sjølvsagt stille spørsmålet da: Kva skal Hans Anton bruke ein slik bil til?

– Mest for artig! Eg har tenkt å bruke han i det daglege her i Skjåk. Eg har funne ut at bilen ikkje brukar meir enn éin liter på mila, så da kan eg jo like gjerne bruke limousinen på butikken, framfor ein annan bil, seier Hans Anton Gjerdet.

Etter kvart kjem det også fram at limousinen blir ein fin raggebil og festvogn.

– Denne blir fin å bruke til dømes til og frå pub. Eller på ein langtur. Eg har jo privatsjåfør, seier Gjerdet.

Bilen har skinnseter og minibar, for å nemne noko.

Hans Anton Gjerdet veit ikkje om andre i Ottadalen, og heller ikkje i Gudbrandsdalen, som har limousin. Han er klar over at bilen vil vera eit blikkfang etter vegen. Og kanskje ein damemagnet, meiner kompisen Geir Bruland.

– Nå blir det nok kvinnfolk på deg, skal du sjå, seier han til Hans Anton.

Men før Hans Anton kan dra både blikk og damer, må han få skilt på luksusbilen sin.

– Alt av papirer er sendt inn, og nå ventar eg berre på godkjenning før eg kan betale avgifter og få skilt på han, seier Hans Anton.

Skjåkværen legg ikkje skjul på at han tykkjer det er artig å ha noko ingen andre har, og han er glad for at limousindraumen gjekk i oppfylling.

– Men eg skulle vel eigentleg ha kjøpt meg éin til, slik at eg har to! seier Hans Anton Gjerdet.