Fjuken har fått melding om at eit vogntog har køyrt seg fast i Grasdalstunnelen på riksveg 15.
– Det er ikkje dramatisk, men vogntoget er til hinder for trafikken, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Ei politipatrulje er på veg, og operasjonssentralen har såleis ikkje fått stadfesta kva som har skjedd.
Det er også dårleg dekning på mobiltelefon i området.
Vegtrafikksentralen er varsla om hendinga, og politiet vil koma attende til eventuelle tiltak.
Floka har før klokka 19 torsdag kveld løyst seg.
Vegfarande kan elles følgje med på trafikkmeldingar på vegvesen.no.