Ho har bestemt seg, rett nok med tungt hjarte, for å selja Liehjørna, ein motebutikk for born og damer i Vågå.

Lene Grothe etablerte butikken for seks år sidan.

– Det har gått betre enn forventa. Vi får fleire og fleire kundar – og vi får fleire og fleire faste kundar, ikkje minst turistar, hytte- og byfolk. Fleire uttrykkjer at dei ikkje orkar å gå i store kjøpesenter. Å koma hit, derimot, til ein liten triveleg butikk der vi har tid til å prate med og hjelpe kundane våre, tykkjer dei er stor stas, seier Lene, som fortel at det ikkje er økonomiske grunnar eller drifta av butikken som gjer at ho har bestemt seg for å selja.

– Butikken har livets rett, det meiner eg heilt oppriktig. Liehjørna har eit stort utviklingspotensiale, ikkje minst på nettet. Dessverre er det slik at eg sjølv ikkje har kapasitet til å ta butikken eit steg vidare. Derfor håpar eg andre kan sjå moglegheitene og ta på seg å føre Liehjørna inn i åra som kjem.