Deltakarane i Melingsrennet hadde eit gnistrande føre på Heidalskogen skianlegg. Føret var såpass skarpt at arrangøren Lalm idrettslag droppa å bruke 3-kilometersløyfa med sine bratte unnakøyringar.
53 løparar stilte til start i det tradisjonsrike påskerennet som starta på midten av 1950-talet. I starten gjekk skirennet ved Melingen, men har dei siste åra vorte arrangert på Heidalsskogen skianlegg.
For nokre av deltakarane var årets Melingsrenn ei opplading til NM i Alta helga etter påske.
Lomværen Reidar Aurmo som går for Hamar skiklubb var ein av dei som brukte påskeskirennet til å teste formen.
Aurmo som går i klasse M-17, ligg i dag på delt 16. plass i Norgescupen. Han har ein 6. plass som beste plassering.
Jostein Karlsen frå Lillehammer skiklubb går i same klasse som Aurmo, og desse to har i vinter vore dei beste løparane i si klasse frå Oppland. Og det var mellom Reidar Aurmo og Karlsen-brørne Jostein og Even kampen om dagens bestetid skulle stå mellom.
Karlsen-brørne brukte også Melingsrennet til å trene på skibytte, frå klassisk til fristil. Noko som gav større fart i skiløypa når dei kunne gå fristil.
Reidar Aurmo kom i mål 14 sekund bak Jostein Karlsen, men vart dømt til vinnar av herreklassa og tok dermed sitt fyrste napp i vandrepokalen.
Brødrene Karlsen som trena på skibytte, vart sett sist på resultatlista.
Ingvild Høymork var raskast i dameklassa. Ho tok sitt tredje napp i vandrepokalen frå 2003 og vann denne til odel og eige.