Trafikkfarleg strekning utsett kravet om bygging av gangveg frå Kvarbergåsen ned mot sentrum
Ein gangveg frå Likvegen og ned mot Vågåmo er ikkje trafikksikker langs fylkesvegen forbi Ullinsvin. Dette endrar føresegnene i reguleringsplan for Kvarbergåsen bustadfelt.
Kommunestyret ser det som urimeleg å setje krav om utbetring av Likvegen når vegstrekninga langs fylkesvegen forbi Ullinsvin ikkje tilfredstiller tryggleiken for mjuke trafikantar. Politikarane vedtok å endre rekkjefølgjekravet i reguleringsføresegnene om at heilårs gangveg fyrst må vere på plass før bustad nummer 22 blir teke i bruk. Dermed blir kravet om gangveg i Likvegen utsett fram til den tid.
Foto: Arve Danielsen